Foto: Cathrine Dokken

FRIKAR dance company Draumefangaren

Fantasi og rørsle til vanns, til lands og i lufta med!

Draumefangaren av FRIKAR er ei kunstvandring i Åbjørajuvet, Valdres. Vatnet har i tusenvis av år slipt seg gjennom Åbjørajuvet. FRIKAR har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgja mellom. Begge er 2,5 km lange. Du møter eit 20-tals kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk, skulpturar og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min danseframsyning ved ein foss.

Opplev FRIKAR sin utselde publikumssuksess frå 2018, no i ny versjon. For meir informasjon om Draumefangaren: www.frikar.com

Medvirkende:
Hallgrim Hansegård, Koreograf
Sudesh Adhana, Utøver
Michael Aspli, Utøver
Stian Bergdølmo, Utøver
Jon Filip Fahlstrøm, Utøver
Antero Hein, Utøver
Isabel Ingvoldstad, Utøver
Anna Kalmar-Amundsen, Utøver
Anita Vika Langødegard, Utøver
Håkon Håvelsrud Odden, Utøver
Sigyn Åsa Sætereng, Utøver
Ornilia Percia Ubisse, Utøver


Vis tidligere forestillinger